Grisemilten varslar snø i februar

Barna ved Hornindal barnehage lurer på når snøen kjem. Grisemilten som Reidunn Otterdal har teke med frå heimgarden viser at snøen kjem i februar.

Snøvarsel: Reidunn Otterdal tok tysdag med grisemilten i Hornindal barnehage. Barna framme frå venstre: Mimir, Iver, Mathea og Evelyn. Bak: Gabriele, Alvin, Samuel, Nikoline, Leonora og Haakon.  Foto: Terje Engås

Nyheter

– Det er fast at vi slaktar gris i november. I år skjedde det sist laurdag. Det er også fast at vi tek ut milten for å sjå kva for vinter vi har i vente, forklarer Reidunn Otterdal.