Hornindal:

Vogntog trefte hus og parkert bil - og stakk av

Eit utanlandsk vogntog kom utfor vegbana rett utanfor Grodås sentrum, trefte ein husvegg og ein parkert bil før vogntoget stakk av.

Politibetjent Elise Haavik nærast og politistudent Malin Sørensen sikrar spor etter vogntoget som køyrde inn i huset til Karoline og Kjetil Kongsvoll på Grodås.  Foto: BENGT FLATEN, Fjordingen

Nyheter

Fjordingen: Uhellet skjedde ved 16-tida torsdag ettermiddag. Spora på staden viser korleis vogntoget har kome utfor vegbana rett før huset til Karoline og Kjetil Kongsvoll på Grodås. Berre hunden Pepsi var inne i huset då det small, men det gjekk ikkje mange minutt før Karoline fekk telefonar med beskjed om kva som hadde skjedd.