Kokevarsel på Vatne

Nyheter

Måndag kveld frå klokka 21.00 vert vassverket på Vatne stengt i ei periode på nokre timar. Dei fleste abonnentar vil under arbeidet få vatn frå Grytastranda vassverk, opplyser Ålesund kommune.

Etter omkoplinga, som vert utført måndag, vert vatnet berre desinfisert med klor for ein periode på opptil tre veker. Dette på grunn av at UV-aggregatet skal bytast ut.

Ein kan då oppleve lukt og smak av klor, spesielt for dei som bur nært vassverket. Vi vil heller ikkje oppnå 100 prosent desinfisering av vatnet. Vatn som skal drikkast må difor kokast.

Det går heilt fint å til dømes pusse tenner og dusje. Ålesund kommune vil ta hyppige vassprøver, og kjem tilbake med meir informasjon dersom kravet til koking endrar seg. Grunna endring i vasskvaliteten kan enkelte også oppleve partiklar i vatnet, heiter det i ei pressemelding.

Det vil bli plassert ut 10-liters posar med drikkevatn på Joker Vatne og Bunnpris Eidet som kan hentast ved behov. Ein oppmodar likevel flest mogleg til å koke vatnet. Om nokon av ulike årsaker treng, men ikkje kan hente vatn sjølv, kan de kontakte innbyggartorget i Brattvåg på telefon 70207500 for å bestille utkøyring av vatn, seier Camilla Waagbø Nilsen, avdelingsleiar – Vatn, indre og nordre.