Traktorhengar på ville vegar i Volda

Foto: Rune Sæbønes, Møre-Nytt 

Nyheter

Ein traktorhengar losna og trefte ein bil som stod parkert i Heltnevegen i Volda fredag. Det blei store skader på bilen, men det var ingen personar inne i dette køyretøyet. Ingen personar kom til skade.