30 arbeidarar klare for avreise til Leirvik – etter karanteneopphald på Green Yard Kleven:

– Eit godt samarbeid

Etter ti dagars streng innreisekarantene i spesielt tilrettelagde brakker ved Green Yard Kleven – reiser nok ein pulje verftsarbeidarar til Havyard Leirvik tysdag.

Reiser vidare til Leirvik: Etter minst ti dagars karantene i spesielt tilrettelagde brakker ved Green Yard Kleven (bildet) kan 30 arbeidarar no reise vidare på jobb ved verftet Havyard Ship Technology i Leirvik i Sogn.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll, Vikebladet Vestposten

Nyheter

(Vikebladet Vestposten): Med svært strenge restriksjonar og smittevernreglar pålagd av myndigheitene – men også ekstra strenge eigne retningslinjer – oppretta Havyard Ship Technology Leirvik og Green Yard Kleven eit samarbeid om karanteneavvikling for ei tid tilbake.