Nye restriksjonar skaper trøbbel for hotella:

Mange hotell på Nordvestlandet må permittere tilsette

Opp, ned, opp og ned igjen. Det har vore eit svært spesielt år for hotellbransjen. No ligg det an til at fleire lokale hotell må permittere og utvide vinterpausen.

Ein ny brå overgang: 2020 har vore som ein jojo for hotellbransjen, der det har svinga opp og ned i brått tempo fleire gonger. Eitt av fleire hotell som no merkar nye restriksjonar er Quality Hotel Ulstein, her ved direktør Erik Mathias Lystad.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll, Vikebladet Vestposten (arkiv)

Nyheter

– Det såg ut som november og desember skulle bli gode månader for oss. Vi hadde nesten normale bestillingar på julebord. Så forsvann brått alt.