Tapte i tingretten:

Retten meiner Øvrelid-saka er forelda

Øvrelid-søskena nådde ikkje fram med kravet sitt i Sunnmøre tingrett. Retten meiner saka er forelda.

Dommar: Tingrettsdommar Ruth-Louise Osborg under rettssaka i oktober.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Dei fem søskena i Øvrelid-familien vaks opp i Ulstein og Hareid på 60-, 70- og 80-talet. Søskena har fortalt om psykisk og fysisk mishandling i oppveksten, og har saksøkt dei to kommune for ikkje å ha gripe inn og hjelpt dei.