Oldedalsvegen stengt på nytt:

Stort jordskred stenger vegen på same staden

Dette jord- og steinras stengde laurdag fylkesvegen i Oldedalen mellom Gjerde og Strand. No har det på nytt gått ras.  Foto: RAGNVALD FLÅTEN

Nyheter

(Fjordingen): Fylkesveg 5724 mellom Olden og Briksdal er stengt på grunn av nytt jordskred. Skredet gjekk rett før kl. 06.00 og skal vere noko mindre enn skredet laurdag. Politioverbetjent Vidar Stavik opplyser at geolog skal kome til staden ved 09.00-tida, blei det meldt onsdag morgon.

– Ingen personar eller bygningar skal vere råka av det nye skredet. Difor sende heller ikkje politiet sin operasjonssentral ut redningsmannskap onsdag morgon, opplyser Stavik. Som fortel at Stryn kommune på morgonen har sendt ut varsling til innbyggjarane på sms. Kommunen skal setje i gang transporttilbod som sist, ved hjelp av Røde Kors.

Sigurd Strand, leiar av Olden Raude Kross, skulle sjølv på jobb i Oldedalen som snikkar onsdag morgon, noko som no er umogleg. Etter førre skredet var han ein av dei frivillige som køyrde båtrute og sørga for transport av folk forbi rasstaden.

Strand seier det er rikelege mengder jord- og steinmassar oppe i fjellsida på rasstaden.

Statens vegvesen meldte det nye jordskredet kl. 05.56 og opplyser på nettsida si at vegen er stengt inntil vidare.

– Basert på lokalbefolkninga sin kunnskap, trur vi ikkje det er eit nytt ras frå høgda, men at det nye skredet har starta lenger nede. Det er veldig bratt terreng på staden. Skredet ser ut til å vere like breitt som sist, men ikkje så høgt. Og denne gong er det berre lausmassar og ikkje skog i skredet, opplyser Inge Atle Myren i Mesta. Det skal ha regna 34 mm i Oldedalen natt til onsdag.

Denne saka vart først publisert av Fjordingen