Fjellførarar ønskjer å drive Urke kaihus

Etter at samarbeidet mellom den førre drivaren av Urke kaihus og eigaren skar seg, har Hjørundfjord Mountain Guide meldt interesse.

Ved Hjørundfjorden: Urke Kaihus har eksistert som ein liten, men stor møtestad i fem år. No treng staden ny drivarar, etter at det førre samarbeidet rauk.  Foto: Møre-Nytt

Næringsliv

Hjørundfjord Mountain Guide ønskjer å drive Urke kaihus ved Norangsfjorden. I guideselskapet finn vi Jens-Arve Forbord og Svein Urke. Dei har i tillegg med seg Kjetil Leknes og Terje Tuene. Dei to førstnemnde bur på Stranda, dei to siste i Ålesund.