Får Asplunds Mirakel i julegåve

Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid veit allereie kva dei får i julegåve. Det er Asplunds Mirakel – ein sprell levande fjording.

Julegåve: Dette er årets julegåve til Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid, ei fjordhesthoppe i sjelden gulblakk farge.   Foto: Privat

Nyheter

– Denne julegåva skal vi ta ekstra godt vare på, seier dagleg leiar ved Norsk Fjordhestsenter Magni Hjertenes Flyum. Senteret har fått ei fjordhesthoppe i gulblakk farge i gåve frå kremlikørselskapet Fjording, fortel dei i ei pressemelding.

Og dei legg til at hesten med den sjeldne fargen får ei sentral rolle i formidlingsarbeidet ved senteret.

Dei fleste fjordhestane er nemleg brunblakke med den karakteristiske mørke stripa gjennom manen og over ryggen.


Ei spesiell last går frå Nordvestlandet til USA

Ei spesiell last går frå Nordvestlandet til USA. Ei dame i Montana har kjøpt fire grå fjordingar.


Fem ulike variantar

Men det finst fem ulike variantar av fjordhestfargane. Den minst vanlege varianten kallast gulblakk, og i perioden 2014–2018 vart det fødd berre fem føl i Norge med denne fargen.

– Genetisk sett skal mykje klaffe for at eit føl blir gulblakk, fortel Hjertenes Flyum. Spesielt kritisk har det blitt når bedekningstala for fjordhest har vore så lave som dei seinare åra. Per i dag er det berre ein gulblakk hingst som er i bruk i avlen, legg ho til.

Hesten som Norsk Fjordhestsenter får heiter altså Asplunds Mirakel og er ei gulblakk fjordhesthoppe frå Fosen i Trøndelag. Toåringen blir kjøpt inn til formidlings- og avlsarbeid på Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid.

– Dette er bevaringsarbeid i praksis. Ikkje berre får vi mogelegheit til å vise fram heile spekteret av fjordhestfargar for publikum, på kurs og dommarsamlingar, men vi kjem sjølvsagt også til å avle på hoppa, seier Hjertenes Flyum.


Ørsta gjorde reint bord

- Dette er ein fantastisk dag, seier Even Myklebust etter hingsteutstillinga for fjordhest på Nordfjordeid.


Stor interesse i utlandet

Ho fortel at det har vore stor interesse for hoppa, også frå utlandet. Men ideen om at hesten skulle bli i Norge og helst på Norsk Fjordhestsenter kom frå Hilde Sæther og fleire ivrige eldsjeler i Indre Nordmør Fjordhestlag.

– Dette er ei unik og rasetypisk hoppe det er viktig å ta vare på, og om den står på senteret får ein både vist den fram og avla på den, seier Sæter.

– Då ideen om å kjøpe inn Mirakel dukka opp, var det ikkje vanskeleg for Fjording å seie ja til deltaking, seier Øyvind Løkling. Han er gründer bak selskapet Fjording, kjem sjølv frå ei fjordhestslekt, og har lenge følgt med på utfordringane som fjordhestmiljøet har hatt med lave fødselstal og innavlsproblematikk.

Poeng å handle raskt

– Vanlegvis ventar vi til vårparten med å annonsere fordelinga av donasjonskronene, men her var det eit poeng å handle raskt. Dessutan trefte denne problemstillinga midt i blinken, eller hjartet om du vil, for formålet med Fjording-donasjonen. Vi går difor inn med 50.000 i satsinga, legg Løkling til.

Kremlikøren Fjording, som blir produsert på Sandane i Nordfjord, har sidan starten valt å donere 1 dollar av kvar selde halvlitersflaske til gode fjordhestføremål. Basert på fjorårsomsetninga har det blitt delt ut 135.000 kroner i 2020.

Mottakarane har vore lag og organisasjonar som bidreg til å sikre ei framtid for den raudlista nasjonalskatten. For 2021 ser det ut til at potten veks til ca. 175.000 kroner.


Cider, likør og brennevin frå Nordfjord:

Lagar kremlikør av lokale råvarer - no har dei fått leveringsavtale med Hurtigruten

Øyvind Løkling ville ikkje bli ein bitter, gamal mann. Redninga vart kremlikør.