Naboane har kjøpt inn julelys til over 300.000 kroner

I fjor tok Marian Holstad og naboane initiativ til å arrangere julegate. No har det vakse til å vere julemesse, -gate og ein stor dugnad med julestemning.
Nyheter

Opplegget kallar dei for Jul i Skomakargata. I fjor var dei to husstandar som tok initiativ til å starte det heile. Dei fekk eit profesjonelt selskap til å teikne eit forslag til vinterbelysning i gata, og så kjøpte dei inn lys for 200.000 kroner. I år har dei utvida, og summen er no oppe i over 300.000 kroner.