Smitteutbrot ved Fiskerstrand Verft:

– Det har ikkje blitt tatt nokon snarvegar

Sist veke vart det påvist 28 smittetilfelle ved tre russiske båtar ved Fiskerstrand Verft. Massetestinga av mannskapet held fram kvar tredje dag, og portane til verftet vert overvaka døgnet rundt.

Smitteutbrot: Gjennom rutinetesting ved framkomst på Vigra og massetesting ved Fiskerstrand Verft har det blitt bekrefta 28 nye smittetilfelle. Dei smitta tilhøyrer mannskapa ved tre russiske båtar.  Foto: Staale Wattø (arkivfoto)

Nyheter

Onsdag sist veke fekk Sula kommune den fyrste meldinga om smittetilfelle om bord to russiske båtar ved Fiskerstrand Verft. Smitta vart oppdaga i samband med rutinemessig testing på Vigra, då dei kom reisande frå utlandet med charterfly. Dei smitta tok eigne bussar til verftet og gjekk direkte om bord båtane ved framkomst.