Har innført strengare koronatiltak i Volda og Ørsta:

– Eg tykkjer det er trist at dei ikkje får sjå at vi smiler til dei

For å beskytte sårbare eldre har både Volda og Ørsta kommunar innført føre-var-tiltak. Sjukeheimane er stengde for besøk.

Vallastova: Ørstaheimen er stengt for besøk som eit føre-var-tiltak. Frå venstre: Karoline Velle, einingsleiar Lisa Mari Korsfur Silseth på buavdelinga og Bodil Worren Tvergrov.   Foto: Joachim Kroken Åsebø, Møre-Nytt

Nyheter

(Møre-Nytt): Årsaka til dei strengare tiltaka er aukande smitte i Volda og Ørsta. Kommunane sette i verk tiltaka fredag etter råd frå Folkehelseinstituttet. Klokka 15.00 laurdag vart dørene på sjukeheimane stengde for besøk. I Ørsta gjeld dette Ørstaheimen, Vartdal helsetun og Hjørundfjordheimen. For svært dårlege pasientar vil det likevel kunne bli tilrettelagt for besøk etter avtale.