Manglande støyavklaring på Stette

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har varsla motsegn for utviding av Leite steinbrot på Stette.

Stette: Leite steinbrot på Stette.  

Nyheter

Årsaka er manglande avklaring av støyverknader frå tiltak som planframlegget opnar for og manglande forankring i kart og føresegner av eventuelle avbøtande vilkår. Fylkesmannen saknar også grundigare analyse av verknad for friluftsliv og landskap frå planlagt tiltak og eventuelle framtidige utvidingar.

Omsøkt utviding av steinbrotet vil gi eit uttak på om lag 40.000 kubikkmeter årleg og ei forlenga driftstid på 12–15 år. Tiltaket ligg i utkanten av eit større samanhengande naturområde kring Støråkfjellet ved Engesetvatnet.

Utvidinga føreset å omdisponere område som i nyleg vedteke kommunedelplan (for Skodje) er lagt ut til LNF-formål, påpeikar fylkesmannen.

Dessutan viser støyutgreiing frå 2005 at fleire bustadområde i nærleiken vil bli utsett for støy opp mot grenseverdiane. Men støyvollen som var lagt til grunn i støyutgreiing i 2005 er ikkje forankra i reguleringsframlegget, ifylgje fylkesmannen.

Verknad av støy frå borerigg og knusing sett i samanheng med høgd på brotkant og støyvoll er for uklart.