Klarsignal til å gå rettslege steg i Michelet-saka - dersom det er nødvendig

Vinden bles no ei ny retning i stormen rundt Michelet-boka om motstandsrørsla under andre verdskrig, og etterkomarane tek saka vidare saman med advokat John Christian Elden.

Reagerer: Anders Ulstein er ein av etterkomarane som reagerer på boka til Michelet. No går dei vidare med saka mot forlaget og forfattaren.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Michelet kom i 2018 ut med den mykje omtalte og kritiserte boka «Hva visste hjemmefronten?», som sentrerer seg rundt det brennande spørsmålet om kva den norske motstandsrørsla eigentleg visste om jødedeportasjonen frå Norge under krigen.