Møre og Romsdal Arbeidarparti:

Føreslår halverte ferjebilletter

I staden for reduserte alkoholavgifter kunne ein ha brukt pengane til å halvere prisen på ferjebilletten. Det meiner Per Vidar Kjølmoen, Arbeidarpartiet sin listetopp i Møre og Romsdal.

Ferje: Hans Petter Sørensen (til venstre) og Per Vidar Kjølmoen frå Arbeidarpartiet meiner dagens billettsatsar på ferjene er distriktsfiendtlege.  Foto: Terje Engås

Nyheter

– Eg har ikkje noko imot billegare øl, eg. Men politikk handlar om å prioritere, seier Per Vidar Kjølmoen.