«Beliggenhet, beliggenhet, beliggenhet»

Det er dei tre viktigaste faktorane som gjer eit bygg attraktivt. Det veit eigedomsmeklarparet Johnny og Anita A. Kragset alt om. Dei var initiativtakarar til Volda Campus Sparebank 1 Arena.

Breie smil: Overtaking av Volda Campus Sparebank 1 Arena. Frå venstre dagleg leiar Rune Hauge Aarflot, initiatvtikarar Johnny Kragset og Anita A. Kragset, prosjektleiar Endre Bårdsaune og styreleiar Arild Bakke.   Foto: Terje Engås

Nyheter

– Det hadde ikkje gått å realisere dette prosjektet om det skulle byggast i Furene, for å seie det slik. Dette måtte liggje her det ligg, midt imellom skulane, som skal bruke bygget på dagtid, forklarer Johnny Kragset.