Betonmast Rødsand takkar for seg i Volda:

Endre og co er ferdige med oppdraget

Måndag heiste dei kontoret til prosjektleiar Endre Bårdsaune opp på ein lastebil og køyrde det vekk. Jobben med å byggje Volda Campus Sparebank1 Arena er gjort.

Siste inspeksjon: Endre Bårdsaune (frå venstre), Magnar Gjersdal og Olav Bjørn Valen frå entreprenørfirmaet Betonmast Rødsand AS på ein rundttur inne i Volda Campus Sparebank 1 Arena.  Foto: Terje Engås

Nyheter

– Dette er den største idrettshallen eg har vore med på byggje. Det vil seie, dette er ikkje ein hall, men ein arena, seier Endre Bårdsaune og korrigerer seg sjølv.