Meiner tiltalte er til fare for samfunnet

Mannen som har tilstått drapsforsøk på ein miljøarbeidar er så stor risiko for samfunnet at han må dømmast til tvunge psykisk helsevern, meiner aktor. Tiltalte meiner han visste kva han gjorde og vil ta fengselsstraff.

Aktor: Førstestatsadvokat Ingvild Thorn Nordheim er aktor i saka mot ein drapstiltalt mann i Volda.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

I prosedyren la aktor vekt på at den tiltalte 30-åringen med stor kraft køyrde eit skrujarn inn i tinningen til miljøarbeidaren på bufellesskapet der han budde.