Har selt rekordmange hyttetomter i Harevadet i år:

– Det tok verkeleg laust i mars

Det er selt rekordmange tomter i Harevadet Hyttegrend i Hornindal så langt i år. Heile 26 tomter har dagleg leiar Inge Olsen selt. – Det er heilt fantastisk året sett under eitt, seier Olsen.

Harevadet hyttegrend i Hornindal: Dagleg leiar Inge Olsen har sett ein solid rekord i tal selde hyttetomter i år med 26. Den tidlegare årsrekorden var 16 selde hyttetomter.   Foto: Thomas Thaule, Fjordingen

Det er mange som på ein måte realiserer husdraumen på fjellet

Inge Olsen
Nyheter

(Fjordingen): Den tidlegare rekorden var 16 selde hyttetomter på eitt år. Den rekorden er for lengst slått, og med 26 selde tomter så langt i år kan Olsen vere særs godt fornøgd.