Planlegg 60 nye hyttetomter:

Startar opp Hydla 4 neste haust

Det har etter kvart blitt tallause turar frå Stryn sentrum og opp i hyttefeltet i Hydla for Otto Vik. No blir det endå fleire turar, og neste haust er det oppstart i Hydla 4.

Hydla: Otto Vik har selt 140 tomter i Hydla 1-3. No set han i gang med Hydla 4 og 60 nye tomter. Heile Hydlafeltet vil då utgjere 200 tomter.   Foto: Thomas Thaue, Fjordingen

Nyheter

(Fjordingen): – Ja, eg går med planar om tomter i Hydla 4, og komande veke skal eg ha oppstartsmøte med kommunen. Om alt går etter planen vil vi kome igang i løpet av neste haust seier Otto Vik, som eigentleg var inne på tanken om å gje seg med Hydla 3.