Sorenskrivaren i karantene - rettssak utsett

Ei overgrepssak som skulle ha starta i Søre Sunnmøre tingrett i dag, måndag, er utsett til over jul. Årsaka er at ein smitta sat i retten der i førre veke - og at sorenskrivaren difor er i koronakarantene.

I karantene: Alle som var tilstades i Søre Sunnmøre tingrett under behandlinga av ei valdssak i førre veke, er sett i karantene. Mellom dei er sorenskrivar Elisabeth Wiik. (Arkivbilde)  Foto: Møre-Nytt

Nyheter

– Hovudårsaka er at eg, som var sett opp til å administrere denne saka, er i karantene. Den andre årsaka er at vi ikkje hadde noko ønske om å bruke den aktuelle rettssalen akkurat no, med tanke på at vi hadde ein smitta der i førre veke.