Demonstrerte for at Sitel skal få bli i Volda

Tysdag klokka 16 møtte omtrent 250 personar opp ved Uppheimsplassen i Volda sentrum for å gjennomføre ei lysmarkering. Deriblant ei dotter som ikkje kan sjå for seg ein kvardag utan mora si.

Volda: Om lag 250 personar deltok på demonstrasjonen i Volda tysdag. Dei demonstrerte for at Sitel Isa Adala (50) skal få bli i Volda.  Foto: Marius Simensen

Nyheter

Sitel Isa Adala (50) fekk beskjed frå UDI om at passet hennar er forfalska, og at ho derfor må forlate Norge innan 21. desember. Den eritreiske ambassaden i Stockholm seier derimot at passet er ekte, fortel familien sin advokat, Jørund Knardal. Det at Sitel må forlate Norge har skapt stort engasjement i lokalsamfunnet.