Flakk om gondolbana på Sulafjellet:

31 gondolar og fartstid på ni minutt - dette er Flakk sine gondolplanar

Då Knut Flakk i fjor haust fortalde at han ville byggje ei gondolbane på Sulafjellet, strøymde det på med både positive og negative reaksjonar. Onsdag la han alle planane på bordet for folket og kommunestyret i Sula.
Nyheter

– No har vi arbeida med dette i eitt års tid. Det kom ut litt om det i fjor haust, og då kom det litt spekulasjonar rundt prosjektet. No har vi kome så langt at vi har sett på det tekniske og økonomiske, at vi no er klare for å presentere arbeidet. Utviklinga av Sulafjellet som destinasjon er i tett samanheng med det som skjer på Devoldfabrikken.