Ordføraren positiv til gondol på Sula

Det vart debatt då leiar i Flakk Gruppen, Knut Flakk, orienterte kommunestyret om gondolplanane for Sulafjellet.

2300 kvadrat: – Sjølve bygget vert primært av glas, stein og treverk. Forprosjektet viser at det vil vere på om lag 2300 kvadratmeter, fortel Flakk om toppdestinasjonen.  Foto: Pressefoto

Nyheter

Idéen om gondolbana vart først lansert i slutten av 2019. Det er snakk om å bygge ei gondolbane opp til Rundehornet på Sulafjellet, med tilhøyrande restaurant på toppen. Det har vore delte meiningar om prosjektet.