Det første «heilsunnmørske» havvindskipet representerer ein stor lokal milepåle:

– Stort å vere med på

For ulsteinvikaren Lars Conradi Andersen, som er salsdirektør i Havyard Design & Solutions, er kontrakten mellom Rem Offshore og Green Yard Kleven ekstra spesiell.

Ulsteinvikar: Den Herøy-busette ulsteinvikaren Lars Conradi Andersen er salsdirektør i Havyard Design & Solutions.   Foto: OLE-OTTAR KARLSEN HØGSTAVOLL., Vikebladet Vestposten

Nyheter

Vikebladet Vestposten:– Lokale designarar, verft og utstyrsleverandørar har jobba med slike kontraktar tidlegare også. Men – denne gongen er det faktisk eit reiarlag frå Sunnmøre som skal eige båten. Det er veldig stort å få vere med på, seier Lars Conradi Andersen.