Takkar snarrådige folk som reagerte raskt

Midt under møtet tok huset til ordføraren fyr

– Eg må berre springe. Det er brann heime, sa ordførar Jan Ove Tryggestad – samla saman papira og sprang ut frå kommunestyresalen i Stranda.

Takknemleg Jan Ove Tryggestad ( i midten) er takknemleg for at Jakob Foldal og Even Bjørneset var så snarrådige då det tok til å brenne i kjellaren. Huset har likevel fått store skadar.   Foto: Terje Engås

Nyheter

Den dramatiske hendinga fann stad i 14-tida onsdag ettermiddag. Midt under kommunestyremøtet fekk Tryggestad melding på telefonen om at det brann heime på garden Tryggestad, nær Hellesylt.