Statens Havarikommisjon etter dødsulykke i Austefjorden i Volda:

Vil ha på plass betre reglar for sikring av passasjerar i baksetet

To passasjerar i baksetet omkom, to i framseta fekk berre lettare skadar. Havarikommisjonen ber Statens Vegvesen endre sikringsregelverk.

Glatt veg: Trafikkulykka skjedde om morgonen 20. oktober 2019. Det var eit islag på vegen, og ein varebil og ein stasjonsvogn, begge av merke Mercedes, frontkolliderte.   Foto: Svein Aam/Møre-Nytt

Nyheter

20. oktober i fjor frontkolliderte ein varebil og ei stasjonsvogn sør for Damfosstunnelen på Kvivsvegen i Austefjorden i Volda kommune. I alt sju personar var involvert. Laila Finnøy (62) og Ida Finnøy Myhren (29) omkom i ulykka. Begge sat i baksetet på stasjonsvogna. Ei tredje kvinne, som også sat i baksetet, vart livstrugande skadd.