Smitteutbrot i Vanylven - nærkontaktar i fleire kommunar

Nyheter

Møre-Nytt: I løpet av siste par – tre dagane har fem personar i Vanylven fått påvist korona-smitte. Dei siste tre tilfella vart varsla av kommuneoverlegen fredag kveld, melder Synste Møre.

– Desse er no sett i isolasjon. Ingen er elevar ved skulen. Det vert arbeidd med smittesporing, og alle nærkontaktar vert kontakta i løpet av kvelden, skriv kommuneoverlegen i ei pressemelding.

Det gjeld nærkontaktar både i Vanylven og i andre kommunar, og dei andre kommunane er allereie varsla. I tillegg bidreg Folkehelseinstituttet.

Med bakgrunn i smitteutbrotet, vart det gjennomført testing av mange nærkontaktar laurdag føremiddag.

Frå starten av korona-pandemien fram til 8. desember vart det registrert berre fem smittetilfelle i Vanylven, som har 3.110 innbyggjarar. Så, den 8. desember, vart det registrert ein smitta, og no like før helga altså fem til

Saka sto først på trykk i Møre-Nytt.