Bygger ut for 45 millionar kroner

– Det største sidan opninga i 1986

Volda sjukehus skal byggast ut for 45 millionar kroner. Utbygginga blir rekna som den største hendinga sidan opninga av sjukehuset i 1986.

Utbygging: Sjukehuset i Volda får tilbygg her i området ved akuttmottaket. Frå venstre Ole Jørgen Osnes, prosjektleiar Seksjon for eigedomsforvaltning og utbygging, Øystein Hjertvik Urke, seksjonsleiar på akuttmottaket og Palma Hånes, klinikksjef for Klinikk Volda.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

– Vi har jobba med planane lenge, men no begynner det å skje ting, seier prosjektleiar Ole Jørgen Osnes i Seksjon for eigedomsforvaltning og utbygging.