For Egil Olsen var 2020 det året som skulle snu alt på hovudet. Han mista inntektskjelda då alle konsertane vart avlyst, og måtte tenkje alternativ for å forsørgje familien. Etter fleire vellykka konsertar som han livestreama, og det fyrste av fleire singelslepp gjennom året, ser han lysare på 2021. Han kjem nemleg ut med eit nytt album, som vert litt annleis enn det han har laga før. Her saman med hunden Fender. Foto: Marius Simensen

Frå Hollywood til Volda

Etter å ha spelt på ei lita skjult musikk- og standupscene i Hollywood for 15 år sidan, fekk Egil Olsen blod på tann. Sidan har han blitt hylla for sin melankolske, unike og minimalistiske musikk. I 2021 gir han ut eit nytt album - med ein heilt ny vri.