Sve måtte snu på Vinstra:

– Viss regjeringa ønskjer å hindre smitte, burde dei reagert før

Frp-politikar Frank Sve meiner regjeringa burde varsla før om dei nye smittereglane, for å hindre at studentar og elevar reiste tilbake til studiestadane. Sjølv køyrde han ti timar bomtur på søndag.

Kritisk: Frank Sve (Frp) er svært kritisk til at regjeringa ikkje varsla om dei nye smitteverntiltaka før søndag kveld, når mange studentar allereie var på veg tilbake til studiestadane.  Foto: Staale Wattø (arkivfoto)

Nyheter

– Regjeringa seier vi bør unngå unødvendige reiser, men no har vi køyrt ti timar gjennom heile Norge. Eg skulle ha sete heime, låst døra og fyrt med ved, seier ein tydeleg opptrekt Frank Sve.