Ber folk bruke munnbind

- Vi må ta oppmodinga frå regjeringa på ramme alvor, seier Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal.

Kjem med tiltak: Eva Vinje Aurdal (Ap) ordførar i Ålesund kommune.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Kriseleiinga i Ålesund kommune hadde måndag møte etter dei nye retningslinjene frå regjeringa søndag.

I ei pressemelding etter møtet heiter det at kommunen vil følgje regjeringa sine anbefalingar, og at ein legg seg på ei streng linje: Innbyggarane blir rådd til å bruke munnbind på kollektivreiser, kjøpesenter og butikkar. Vidare rår kommunen til minimal fritidsaktivitet, det vere seg på svømmehallar så vel som og andre aktivitetar, og når det gjeld planlagde arrangement i perioden frå 4.–18. januar blir det oppmoda om at desse blir avlyst.

– Vi må ta den siste oppmodinga frå regjeringa på ramme alvor–og eg ber alle innbyggarar om å følgje alle nasjonale råd og retningslinjer. No må kvar enkelt av oss vise ansvar og ha lite sosial kontakt i tida som kjem, seier ordførar Eva Vinje Aurdal.


NHO krever mer kompensasjon til reiselivet

Regjeringen må umiddelbart følge opp de nye koronatiltakene med å forbedre og forlenge kompensasjonsordningene for reiselivet, krever NHO.



Støre: Regjeringen er bakpå i koronahåndteringen

Ap-leder Jonas Gahr Støre kritiserer regjeringen både for treghet i vaksineringen og for å være for raske med å stramme inn på koronatiltakene.


Oppmoding, ikkje påbod

Når kommunen kjem med ei oppmoding om bruk av munnbind og ikkje med eit påbod, har det ifølge kommuneoverlege Olav Mestad med smittetrykket i regionen å gjere.

– No kan situasjonen endre seg raskt, men per i dag er dette trykket relativt lågt. Sjølv om vi har eit smitteutbrot som framleis går føre seg, der vi ventar fleire positive testar dei neste dagane, opplever vi å ha god kontroll, seier han.

– Dersom vi må til med påbod vil det vere ein liten prosess å gå, både med dei andre kommunane, men også med fylket, men der er vi førebels ikkje, legg han til.

Kommuneoverlege: Olav Mestad i Ålesund kommune.  Foto: Staale Wattø

– Kor mange er det som har fått påvist korona i Ålesund sidan pandemien starta?

– I dag tidleg var totaltalet 243, men i føremiddag fekk vi melding om sju nye smittetilfelle, seier Mestad. I tillegg til oppmodinga om bruk av munnbind når ein reiser kollektivt og når ein er på butikkar og kjøpesenter, er rådet frå kommunelegen at ein brukar munnbind også elles når ein ikkje klarer å halde ein meters avstand til andre.

.

Livestudio: Koronavirus

Livestudio: Koronavirus



NHO krever mer kompensasjon til reiselivet

Regjeringen må umiddelbart følge opp de nye koronatiltakene med å forbedre og forlenge kompensasjonsordningene for reiselivet, krever NHO.


Om vaksinering

Sjølv om det ligg eit alvor til grunn for meldinga frå kommunen, inneheld den også ei positiv nyheit: Denne veka startar Ålesund kommune med vaksinering på sjukeheimar og omsorgssenter.

– Vi går ei spanande tid i møte, og det er gledeleg at dei første innbyggarane i kommunen får vaksine denne veka, seier kommuneoverlegen.

Ålesund kommune har elles gått ut med informasjon internt om at alle tilsette som kan ha heimekontor, bør ha det i dei komande vekene fram mot 18. januar.

Innbyggartorga er framleis opne for å kunne tilby hjelp og rettleiing til dei innbyggarar som treng det.

Her er alle reglane som vil gjelde i Ålesund kommune som følgje av dei nasjonale reglane:

  • Kommunen kjem med ei sterk oppmoding om bruk av munnbind på kollektivreiser og på butikkar/kjøpesenter. Elles også når det ikkje er mogleg å halde maks ein meters avstand.
  • Alle politiske møte blir digitale i perioden frå 4. januar til 18. januar.
  • Alle ungdomsskulane har raudt nivå og auka smitteverntiltak. Det blir aktuelt med vekselvis digital og ordinær undervisning. Meir informasjon blir gitt frå den enkelte skule.
  • Kulturskulen har avlyst alle gruppetilbod dei neste to vekene. Individuelle tilbod held fram som før.
  • Organiserte fritidsaktivitetar i idrettshallar, gymsalar, ungdomsklubbar og liknande på ettermiddag/ kveldstid og helger, er avlyst.
  • Gymsalane på skulane er berre opne for kroppsøving med inndeling i kohortar/grupper.


Sykehjem i Drammen fikk sitt 11. koronadødsfall

En kvinne i 80-årene er den 11. beboeren ved Fjell bo- og servicesenter i Drammen som er død etter å ha blitt smittet av koronaviruset.



Smittegrep fra regjeringen: Anbefaler full stans i innendørs breddeidrett

Regjeringen anbefaler at all innendørsaktivitet i breddeidretten settes på pause de kommende ukene som et ledd i å få kontroll på smittesituasjonen i landet.



Sosial nedstengning i Norge etter julehøytiden

Statsminister Erna Solberg (H) ber Norge bli med på et to uker langt krafttak for å hindre at koronasmitten kommer ut av kontroll.