Har stengt tre av fire etter skjenkestopp: – Eg følte meg ganske naken

Ivar Breivik har stengt tre av fire serveringsstader. Han er ikkje åleine om å stenge ned etter skjenkestoppen frå regjeringa.

Ivar Breivik meiner forbodet mot alkoholservering gjer at han må stenge ned tre serveringsstader.  Foto: Øystein Silde Frønsdal

Nyheter

– Eg tenkte at no var endeleg dagen komen og at vi var heilberga gjennom. Dette er ein direkte «knock out», og vi hadde jo sjølvsagt håpa å starte året annleis, seier Ivar Breivik.