Tolv vil bli rektor ved ny skule i Ålesund

Fagerlia-Ålesund vidaregåande blir éin og får ny rektor. På søkarlista står åtte menn og fire kvinner.

Gir seg: Rektor Yngve Omenås ved Fagerlia vgs. inne i nybygget. Omenås har valt å gi seg og står ikkje på lista over søkarar til rektorstillinga ved nye Fagerlia-Ålesund vidaregåande skule. Det gjer derimot tolv andre.   Foto: Staale Wattø

Nyheter

Frå 1. august blir Fagerlia vidaregåande skule og Ålesund vidaregåande skule slått saman. Den nye skulen vil ha over 1400 elevar og blir dermed den største vidaregåande skulen i fylket.