To alvorleg skada etter frontkollisjon

To personar vart frakta til sjukehus med luftambulanse etter ein frontkollisjon i Ulstein fredag. Den eine vart opplyst å vere kritisk skada og den andre alvorleg skada.
Nyheter

Politiet i Møre og Romsdal melde fredag ettermiddag om ei trafikkulykke ved Bigset på Eidet mellom Ulsteinvik og Hareid. Politiet fekk melding om ulykka i 15.45-tida.

To bilar skal ha frontkollidert, og den eine bilen hamna i grøfta etter samanstøyten. Totalt var tre personar involvert i ulykka. Operasjonsleiar opplyste til Sunnmørsposten i 16-tida fredag at førar av den eine bilen var fastklemt med smerter i ein fot.

Klokka 16.11 skreiv politiet at to personar i bilen som hamna i grøfta var frigjort frå den eine bilen.

To personar blei frakta til Ålesund sjukehus med luftambulanse etter ulykka. Den eine blei opplyst å vere kritisk skada, og den andre alvorleg skada. Ein tredje person blei frakta til sjukehus med ambulanse med uavklarte skadar.

Laurdag morgon er status at begge dei to som blei frakta til sjukehus med luftambulanse er alvorleg skada, men ikkje livstrugande. Det opplyser operasjonsleiar Leif Arne Mork i Møre og Romsdal politidistrikt.

Politiet veit framleis ikkje kva som var årsaka til ulykka, anna enn at det var ein frontkollisjon. Kriminalteknikarar og ulykkesgruppa frå Statens vegvesen var på staden fredag kveld. Politiet jobba med å sikre spor og ta avhøyrt.

– Ulykkesgruppa var på staden og jobba utover kvelden i går. Dei er ferdige med arbeidet på staden, seier operasjonsleiaren.

– Etterforskinga vil nok etter kvart bringe på det reine kva som har skjedd. Vi har nok ikkje noko svar før over helga. Men det var front mot front, så det er nærliggande å tenke at ein av bilane kom over i feil køyrebane.

Hovudvegen vart stengt for trafikk, men opna att rundt klokka 23.30. Ifølgje vitner på staden var situasjonen etter ulykka nokså kaotisk, og fleire bilar skal ha køyrt i grøfta på galmevegen i forsøk på å køyre rundt ulykkesstaden, skriv Vikebladet Vestposten.