Strauk på teoriprøva – kjøpte falskt førarkort

Mannen klarte ikkje førarprøva og kjøpte seg i staden eit førarkort frå Sverige. No er han dømd til 18 dagar fengsel.

Forfalska: Mannen kjøpte eit forfalska førarkort og er no dømd til fengsel. Illustrasjonsbilde.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Nyheter

Ein mann i 30-åra prøvde å ta teoriprøva til eit norsk førarkort fire gonger, men strauk kvar gong. Gjennom Facebook fekk han kontakt med nokon som kunne levere eit falskt førarkort frå Sverige.