Oppfordrar skigjestar til å registrere seg:

– Smittevernet kan ikkje bli betre enn summen av den enkelte sin åtferd

Det meiner Ina Eldøy, dagleg leiar ved Stranda Hotel, som har ansvaret for drifta av serveringsstadane ved Strandafjellet skisenter. Saman med Stian Græsdal og Tore Utgård går dei no ut med ei felles oppfordring til skigjestane.

Sterke oppmodingar: Tore Utgård, styreformann i Sunnmørsalpane Skiarena Fjellsetra, Stian Græsdal (innramma), dagleg leiar ved Strandafjellet Skisenter, og Ina Eldøy (innramma), dagleg leiar ved Stranda Hotel, går no ut med sterke oppmodingar til skigjestane. Oppmodingane kjem etter situasjonar som gjestane reagerte på sist helg ved Fjellsetra.  Foto: Tipsar (hovudbilete), Nils Harald Ånstad og Terje Engås (innramma)

Nyheter

Laurdag 16. januar skreiv Sunnmørsposten om kaoset ved Sunnmørsalpane Skiarena Fjellsetra i Sykkylven. Tipsarar meldte om mykje folk og ingen som tok omsyn til einmetersregelen. Styreformann Tore Utgård beklaga at forholda kunne oppfattast som kaotiske. Ein intern svikt var grunnen til at dei ikkje hadde kontroll på kor mange personar som fekk åtgang til skitrekket.