Akuttinnlagt eine dagen, utskriven andre dagen

– Ikkje forsvarleg at spesialisthelsetenesta ikkje kan gi eit langtidstilbod til denne gruppa

- Pskykiatrireforma har gått for langt, meiner kommuneleiinga i Volda.

Kommunen: Kommunedirektør Rune Sjurgard meiner det ikkje er eit forsvarleg tilbod til tyngre pasientar innan psykiatrien. - Nasjonalt har vi årleg saker med dramatisk utgang som følge av dette, seier han.   Foto: Roger Oldeide, Fjordingen

Nyheter

Møre-Nytt: I artikkelen "Ein farleg mann" kjem det mellom anna fram at ein 30-årig pykisk sjuk rusbrukar i Volda med valdeleg åtferd fleire gongar vart køyrd til akuttmottaket på psykiatrisk klinikk i Ålesund. Men etter ein dag eller to var han utskriven , og sendt tilbake til den kommunale bustaden i Volda.