Bil byrja brenne heime i garasjen

Brannvesen var tidleg på staden og hindra brannen å spreie seg til huset.   Foto: BENGT FLATEN/ Fjordingen

Nyheter

Fjordingen: Ein bil, ståande i ein garasje i Nylandsfeltet i Hornindal, byrja brenne laurdag ettermiddag litt etter kl 14.00. Det skal vere naboar som oppdaga røyk frå garasjen og fekk varsla om brannen. Bilen skal ha vore i bruk ei lita stund før brannen vart oppdaga.