Kongeørna gjekk til dødeleg angrep på «Mango»

Den 13 år gamle hunden «Mango» løp etter matmor som var på ein ridetur på ein kommunal veg øvst i Valldal. Plutseleg blei den angripen av ei kongeørn.

13 år: Familien Gjedrem har hatt hunden «Mango» i 13 år.   Foto: Hans Martin Gjedrem

Nyheter

– Dette skjedde torsdag. Kona mi, Maria, såg ikkje sjølve angrepet. Men då ho snudde seg, såg ho at ørna reiv og sleit i hunden. Maria jaga vekk ørna, men då var «Mango» allereie død. Truleg hadde den punktert lungene på hunden.