Endringar ved Runde miljøsenter:

Vil kjøpe tilbake eigne aksjar

Runde Miljøsenter slit økonomisk. Fylkeskommunen fryktar at forskingsaktiviteten blir avvikla, om ein ikkje får ei løysing i løpet av året. Dagleg leiar, Nils Roar Hareide har ein plan.

Miljøsenter: Runde Miljøsenter har fleire forretningsområde, og det blir no jobba med omorganisering av selskapet. Arkiv   Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Møre og Romsdal fylkeskommune eig i dag 40 prosent av aksjane i driftsselskapet Runde Miljøsenter AS. No tilrår fylkeskommunedirektøren at fylkeskommunen sel seg ned til 20 prosent.