Helse Møre og Romsdal med strakstiltak for tilsette og studentar

Nyheter

Strakstiltaka gjeld for tilsette og studentar som har vore i kommunane Nedre Follo. Oslo, Enebakk, Ås, Vestby, Nesodden, Indre Østfold, Moss, Frogn og Våler, eller hatt besøk derifrå, dei siste ti dagane. Dette skriv Helse Møre og Romsdal i ein e-post til dei tilsette.

Tilsette som har vore på reise eller hatt besøk denne helga skal i karantene i ti dagar, og ei oppmodar tilsette til å teste seg dag fem for å lette eventuell smittesporing.

Tilsette som har vore på reise eller hatt besøk de siste ti dagane, før 22. januar, skal teste seg før dei kjemp på jobb, og vente med å gå på jobb til testresultatet er klart. Ved negativ test skal ein gå på jobb og bruke munnbind, og ny test skal gjerast sju dagar etter heimkomst. Ved negativ test etter sju dagar, kan ein stoppe bruk av munnbind.

Studentar og praksisstudentar som har vore i dei aktuelle kommunane eller hatt besøk derifrå dei siste ti dagane, skal ikkje møte på sjukehusa/andre institusjonar i HMR før det har gått ti dagar etter tilbakekomst til Møre og Romsdal/etter besøket.
Studentar som jobbar i HMR skal følge reglane for tilsette.

Desse tiltaka gjeld til ny informasjon vert gitt.

Nrk skreiv først om dette.