Politiet har no frigitt namna på dei omkomne etter brannen på Aspøya laurdag, etter samråd med dei pårørande.

Hildur Peggy Svendsen og Sonja Anita Søvik omkom i brannen, skriv politiet i ei pressemelding. Dei var søstrer og begge var heimehøyrande i Ålesund kommune. Svendsen var 78 år, medan Søvik var nær 69 år.

Det var i sekstida laurdag morgon at naudetatane rykte ut til ein brann i Steinvåggata 43b. Huset var overtent.

33 personar blei evakuerte, både frå det brennande huset og nabohus. Politiet melde laurdag morgon at to personar ikkje var gjort greie for, og to kvinner fekk etter kvart status som sakna.

Tok tid

Sløkkingsarbeidet varte mange timar. Høg temperatur og fare for raste vegger gjorde at det tok lang tid før politiet kunne ta seg inn i bygninga.

Laurdag kveld blei ei av dei sakna kvinnene funnen. Krimteknikarar på staden heldt fram arbeidet, men gav seg ved midnatt. Då var ei kvinne framleis sakna.

Arbeidet på branntomta starta opp igjen søndag morgon. Like før klokka 11 melde kriminalteknikarane om eit nytt funn.

Arbeider vidare med årsaka

– Krimteknikarar har no fullført sine undersøkingar på sjølve branntomta i Steinvågvegen 43 B, seier politiadvokat Sander Brink i Møre og Romsdal politidistrikt.

– Vi har ikkje mistanke om at brannen skuldast noko kriminelt og framleis er det for tidleg å seie noko konkret om kor eller kvifor brannen starta. Politiet arbeider vidare med teknisk og taktisk etterforsking og dette må ventast å ta noko tid, seier Brink.