Skuleklasser, lærarar og skirennarar i karantene

Koronasmitta var på Ørsta skisenter søndag

Den smitta var på Bondalseidet og tok trekket sist søndag, då det var mykje folk i anlegget. Dette biletet vart tatt helga før.   Foto: Svein Aam/ Møre-Nytt

Nyheter

Møre-Nytt: Ein ørsting busett i Førde var sist søndag på Ørsta skisenter, og fekk seint tysdag påvist koronasmitte. Smittesporingsarbeidet er starta.

Ørsta kommune opplyser at dei onsdag fekk melding om seks nærkontaktar til han som har testa positivt i Sunnfjord kommune. Desse seks er sett i karantene og testa.

Smittesporingsarbeidet er i gang i Ørsta.   Foto: Svein Nordal/ Møre-Nytt

Vedkomande som er smitta var altså i Ørsta i helga og var på ski på Bondalseidet på søndag. Vedkomande var ikkje innom varmestovene og vi vurderer sannsynet for vidare smittespreiing på skisenteret som svært låg, skriv kommunen. Personar som var i kontakt med den smitta i skibakken er likevel testa og sette i karantene.

Velle skule er også råka av dette smittetilfellet, der elevar og tilsette på 5. trinn er sett i karantene og vil bli testa. I tillegg til klasse 5A og 5B er sju lærarar og fire studentar sette i karantene. Smittesporingsarbeidet held fram.

Det var fullt i trekket på Bondalseidet sist søndag.   Foto: Svein Aam/ Møre-Nytt

Stort utbrot

På Sunnfjord kommune si heimeside står det at det siste veka er påvist 33 smitta i kommunen, nær tjue av desse dei to siste døgna, og ein ventar fleire smitta dei næraste dagane.

Ni av dei smitta er kobla til aktivitet i ein klatrehall førre veke. Dei smitta er primært i 20 – 40 års alder, og over tre hundre er sett i karantene.

Skisenteret svarar

– Vi har vore nøye med å følge dei nasjonale smittevernreglane, og meiner det er forsvarleg å halde anlegget ope, seier styreleiar Gunnar Knutsen ved Ørsta skisenter.

Han synest det er leitt at nokre av gjestane på skisenteret i helga har hamna i karantene. Årsaka er at det var ein person på Ørsta skisenter som i ettertid har fått påvist koronasmitte.

Det var mykje folk på Bondalseidet sist søndag, men styreleiaren meiner dei har vore føre var i forhold til smittespreiing.

– Vi har tett kontakt med smittevernlegen i Ørsta og følger dei tilrådingane vi får. Vi har mellom anna avgrensa salet av dagskort til 100. Når det har vore utselt har vi sett opp skilt med at det er fullt i anlegget. Det betyr altså fullt i forhold til dei avgrensingane vi har.

Reglane seier mellom anna at det berre skal vere ein person på kvar trekkrok, med mindre det er ein person i same kohort eller reisefølge.

– Her er vi avhengige av at folk tar ansvar, og er bevisste på reglane, seier Gunnar Knutsen.

Varmestova har vore opa, men med besøksavgrensingar.

– Vi vil gjere det vi kan for at folk skal kunne kome å stå på ski, og i anlegget fungerer reglane fint. Men det kan kome på tale å avgrense besøket på varmestova meir, eller til å med stenge den. Det må vi kome tilbake til når vi ser resultatet av testane, seier Gunnar Knutsen.

Saka sto først på trykk i Møre-Nytt.