Brannen i Steinvågvegen:

Sprang vekk frå flammane i berre undertøyet

Det tidlegare ekteparet Harold Kåre Olsen og Mary Ann Hansen måtte berge seg sjølv, berrføtt og i berre undertøyet, ut av Steinvågvegen 43 laurdag morgon. No takkar dei hjelpeapparata for all hjelp.

Tøft syn: Harold Kåre Olsen og Mary Ann Hansen tilbake på branntomta. Inne i det nedbrunne huset ligg nærast alt dei eigde.  Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

Harold Kåre Olsen (61) kjem opphavleg frå Tromsø og har vore busett i Ålesund i over 40 år. Han har arbeidd i ei årrekkje som fiskar i byen, og fortel at Ålesund står nærast hjartet.