Skal undersøke folkehelsa

Nyheter

Den 1. februar får 56 000 innbyggarar i fylket over 18 år invitasjon til å delta i ei folkehelseundersøking. Svara som kjem inn skal brukast til å lage både lokale og regionale planar og til å prioritere kva tiltak som må settast inn for å betre folkehelsa, melder Ålesund kommune i ei pressemelding.

I dei nærmaste dagane vil innbyggarar over heile fylket ta i mot ein sms eller e-post om å delta på Folkehelseundersøkinga der mange i Ålesund kommune blir trekt ut. Spørjeskjemaet inneheld spørsmål om kor fornøgd folk er med nærmiljøet og lokale tilbod og aktivitetar, og om eiga helse og livskvalitet, levevanar, skader og ulykker.