Til helga er det årets hagefuglteljing:

Kari har allereie telt sine fuglar

– Eg synes det er utruleg kjekt å følge med på fuglane i hagen. Nokre av dei blir stamgjestar, og får namn. Ein vinter hadde eg ei nøtteskrike eg kalte for svartfjes.

Fugleteljing: Frå stovevinduet sitt kan Kari Astrid Gamlem i Berkvika i Volda følgje med på kva slags fuglar som kjem på besøk i hagen.   Foto: Terje Engås

Nyheter

Kari Astrid Gamlem bur i Berkvika i Volda. Ho er dårleg til beins, og sit for det meste i rullestol. Då høver det bra å kunne studere fuglelivet frå vindauget.