Klipte snora for ny legevakt og legevaktsentral

Måndag opna Søre Sunnmøre legevakt i Hovdebygda. Her er det også legevaktsentral for nærare 50.000 innbyggarar i dei sju kommunane på søre.

Opna: Volda-ordførar Sølvi Dimmen i Volda og Ørsta-ordførar Stein Aam stod for den offisielle opninga av Søre Sunnmøre legevakt i Hovdebygda. Til venstre seksjonsleiar for legevakt Erlend Bae og til høgre legevaktoverlege Jørn Kippersund.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Den nye legevakta held til i Hovdebygda i Ørsta kommune – men det er Volda kommune som er vertskommune for det interkommunale tilbodet.