Ordføraren om valdsepisoden på Valderøya:

– Eg tek sterk avstand frå det som har skjedd med familien

Giske-ordførar Harry Valderhaug kallar valdsepisoden på Valderøya sist veke for «mildt sagt sjokkerande».

Sjokkert: Ordførar i Giske kommune, Harry Valderhaug (KrF), tek sterk avstand frå valdhendinga som Fouad (25) og familien vart utsett for måndag sist veke, og kallar det heile for sjokkerande. Han oppfordrar folk til å stille opp for kvarandre, og stå opp mot rasisme og mobbing.  Foto: Staale Wattø (arkivfoto)

Nyheter

Sist veke vart Fouad Mohamed Ferhat (25) og familien utsett for vald av fleire gjerningsmenn i sin eigen heim på Valderøya. Ifølgje Fouad varte valdsepisoden i 40 minutt før politiet kom. Familien har ikkje kjennskap til gjerningsmennene.